I Jostedalen har me uendelege mogelegheiter for både lange og korte fjellturar, sommer som vinter.

Frå toppane har du utsyn over platået på Jostedalsbreen på eine sida og tindane i Vest-Jotunheimen på den andre. Frå Jostedalen kan du kople deg inn på DNT sine ruter i Breheimen og du har tilgang til fleire DNT-hytter, som Sotasæter, Sprongdalshytta, Arentzbu, Fast, Vigdalsstølen og Fivla.
Jostedalen har også mange fine stølar ein kan besøke til fots og på ski. Stiane er lette å gå og godt rydda og merka.
Turanbefalinger finner du under "Jotunheimen" |
|
Jakt
I Jostedalen jaktar ein både hjort, elg, rein og småvilt. I Jostedalen Statsalmenning er småviltjakta open for alle som løyser jaktkort. Vi setter gjerne sammen et opplegg for små-eller storvilt jakt for deg og ditt jaktlag!
Fiske
I Jostedalen kan ein fiske fjellaure både i fjellet og nede i dalen. Nede i dalen er fleire fine fiskeplassar merka og skilta. Dei fleste av fjellvatna rundt Jostedalen blir kultiverte og fisk utsett når det er naudsynt.
Jakt- og fiskekort for Vanndalen og Geisdalen er til sals i bommen der Vanndalsvegen startar. For resten av Jostedalen kan ein kjøpe rimelege fiskekort på Jostedal Hotell.
Frå fjorden og fram til Alsmo kan ein også fiske sjøaure i Jostedøla. |
Det finst mange fine klatreveggar og buldresteinar i Jostedalen, og her er eit aktivt miljø som finn nye ruter og stadig nye klatrefelt vert oppdaga og tilrettelagt. Du kan klatre 5 taulengdes ruter på 7+ , 10 taulengder grad 4 til 10.
Stadane det vert klatra mest er:
Stegagjerde: Her er det 25 meters sportsklatring på boreboltar og nokre naturleg sikra ruter. Det er stort potensiale for nye ruter. Nivået varierar frå 3 til 8-.
Maggies Farm: - har fått 8 bolta ruter, og fleire er under pussing. Frå grad 5+ til 7-. Høgda på veggen varierer frå om lag 25 meter og ned mot 8m for dei kortaste rutene.
Klatrefeltet på Mannen: For dei som føretrekkjer høgfjellsklatring. Veggen er omlag 100 m høg og rutene er på 2-3 taulengder. Frå 4 til 7-. Utsikta frå toppen er ganske unik: med Jostedalsbreen sine bratte brearmar mot vest til Hurrungane sine tindar mot aust.
Sperløyane: For dei som ikkje likar å gå så langt for å klatre. 4 nye ruter her sommaren 2008. Grad frå 5 til 8-.
Er du interessert i å ha med deg ein fjellførar for å prøve klatring for første gang, eller er litt meir røynd klatrar, er me behjelpelege med å setje deg i kontakt med ein røynd fjellførar. |
|
|
|
|
|