|
Jostedalsbreen Nasjonalpark |
|
|
|
Jostedalsbreen – den største isbreen på det europeiske fastlandet – ligg berre eit steinkast frå Nigardsbreen Gjestgiveri.
 Med sine 500 km², dekkjer Jostedalsbreen både fjelltoppar og djupe dalar i nasjonalparken, og strekkjer mektige armar av blåis ned i frodige dalar nær fjordane våre. Mange vert forundra når dei finn ut kor lett tilgjengeleg fleire av desse brearmane er, og at det kan vere nesten like varmt ved isen som ved fjorden.
Nigardsbreen naturreservat er eit must for folk som er i Luster. Breen er majestetisk og mektig, og gir opplevingar du seint vil gløyme. Går du naturstien frå Breheimsenteret og nesten fram til Nigardsbreen tek det rundt ein time. Då ruslar du gjennom morenelandskap som vitnar om sterke naturkrefter. Vil du heilt fram til breen tek det ytterlegare ein halvtime i meir ulendt terreng. Eit anna alternativ er at du kjøper deg billett på skyssbåten, Jostedalsrypa, og får dermed ein frisk båttur i iskaldt brevatn.
På Nigardsbreen i Jostedalen er det mellom anna daglege familieturar heile sommaren. Besøk Breheimsenteret for å lære meir om Jostedalsbreen Nasjonalpark.
Ønskjer du å gå på sjølvaste blåisen, leiger du dyktige breførarar på bresenteret. Dei har ulike tilbod som passar for absolutt alle. |
|
|
Jostedalen har eit rikt dyreliv. Om sommaren og høsten kan ein ofte sjå hjorten beite på innmarka eller oppunder brèen. Jostedalen er et av få steder på vestlandet der man også kan se elg. Rådyra viser seg også fram med jamne mellomrom, og i høgfjellet beitar reinen.
År om anna er alle dei fire rovdyra innom dalen. Bjørnen er stadig vekk på vitjing, dei siste åra har det vore fleire streifdyr som har teke turen forbi. Jerven er meir eller mindre fast gjest i Jostedalen både sommar og vinter, og gaupa har ein fast stamme i dalen. Ulven har vore sett i området med ujamne mellomrom.
Hare, rype og anna småvilt trivst godt i fjella våre, vi hjelper deg gjerne med å tilrettelegge høstens jakttur!
|
Jostedalen er ei flott bygd som ligg midt mellom Jostedalsbreen Nasjonalpark og Breheimen Nasjonalpark
.Jostedalen byr på mange opplevingar. Her finn du flotte fjell- og breturar i alle retningar, både enkle stølsturar og dramatiske brefall. Frå stiar til klatreruter, frå skog til høgfjell ligg nasjonalparknaturen og ventar.I tillegg tilbyr fleire firma i Jostedalen mange ulike aktivitetar, alt frå brevandring, kajakkpadling, rafting, klatring og riding. |
|
Tett på villmarka i Jostedalen |
|
|
|
|

Jostedalen er ei flott bygd som ligg midt mellom Jostedalsbreen Nasjonalpark og Breheimen Nasjonalpark.
Jostedalen byr på mange opplevingar. Her finn du flotte fjell- og breturar i alle retningar, både enkle stølsturar og dramatiske brefall. Frå stiar til klatreruter, frå skog til høgfjell ligg nasjonalparknaturen og ventar.I tillegg tilbyr fleire firma i Jostedalen mange ulike aktivitetar, alt frå brevandring, kajakkpadling, rafting, klatring og riding.
|
|
|
|
|
|