Jakt og fiske PDF Skriv ut E-post

Jakt

I Jostedalen jaktar ein både hjort, elg, rein og småvilt. I Jostedalen Statsalmenning er småviltjakta open for alle som løyser  jaktkort. Vi setter gjerne sammen et opplegg for små-eller storvilt jakt for deg og ditt jaktlag!

fisketurFiske

I Jostedalen kan ein fiske fjellaure både i fjellet og nede i dalen. Nede i dalen er fleire fine fiskeplassar  merka og skilta. Dei fleste av fjellvatna rundt Jostedalen blir kultiverte og fisk utsett når det er naudsynt.

Jakt- og fiskekort for Vanndalen og Geisdalen er til sals i bommen der Vanndalsvegen startar. For resten av Jostedalen kan ein kjøpe rimelege fiskekort på Jostedal Hotell.

Frå fjorden og fram til Alsmo kan ein også fiske sjøaure i Jostedøla.