Jostedalsbreen Nasjonalpark PDF Skriv ut E-post

Jostedalsbreen – den største isbreen på det europeiske fastlandet – ligg berre eit steinkast frå Nigardsbreen Gjestgiveri.

Taulag på JostedalsbreenisgrottaMed sine 500 km², dekkjer Jostedalsbreen både fjelltoppar og djupe dalar i nasjonalparken, og strekkjer mektige armar av blåis ned i frodige dalar nær fjordane våre. Mange vert forundra når dei finn ut kor lett tilgjengeleg fleire av desse brearmane er, og at det kan vere nesten like varmt ved isen som ved fjorden.

Nigardsbreen naturreservat er eit must for folk som er i Luster. Breen er majestetisk og mektig, og gir opplevingar du seint vil gløyme. Går du naturstien frå Breheimsenteret og nesten fram til Nigardsbreen tek det rundt ein time. Då ruslar du gjennom morenelandskap som vitnar om sterke naturkrefter. Vil du heilt fram til breen tek det ytterlegare ein halvtime i meir ulendt terreng. Eit anna alternativ er at du kjøper deg billett på skyssbåten, Jostedalsrypa, og får dermed ein frisk båttur i iskaldt brevatn.

På Nigardsbreen i Jostedalen er det mellom anna daglege familieturar heile sommaren. Besøk Breheimsenteret for å lære meir om Jostedalsbreen Nasjonalpark.

Ønskjer du å gå på sjølvaste blåisen, leiger du dyktige breførarar på bresenteret. Dei har ulike tilbod som passar for absolutt alle.