Vil du vakne opp med utsikt til den største breen i Europa? Drikke kaffikoppen berrføtt i ein stor, grøn hage med den mektige isen rett i mot?
Nigardsbreen Gjesteheim ligg med eit flott utsyn til Nigardsbreen i utgangen av bredalen. Frå fleire av romma og heile den store hagen ser ein rett mot breen og breplatået. Nigardsbreen Gjesteheim vart bygd i 1954 og vart nytta som gjesteheim og pensjonat fram til starten av 2000. Hausten 2008 vart det nye eigarar og
Nigardsbreen gjesteheim er vorte pussa opp. Under oppussinga har me vore medvitne på å ta vare på 50 - 60 talls preget.

Jostedalen er ei flott bygd som ligg midt mellom Jostedalsbreen Nasjonalpark og Breheimen Nasjonalpark ( opnast truleg august 2009 ).
Jostedalen byr på mange opplevingar. Her finn du flotte fjell- og breturar i alle retningar, både enkle stølsturar og dramatiske brefall. Frå stiar til klatreruter, frå skog til høgfjell ligg nasjonalparknaturen og ventar.
I tillegg tilbyr fleire firma i Jostedalen mange ulike aktivitetar, alt frå brevandring, kajakkpadling, rafting, klatring og riding.


]]>
1 Pers: 590,- NOK
2 Pers: 790,- NOK
3 Pers 950,- NOK
4 Pers: 1150,- NOK
Prisane på romma inkluderar sengetøy/handkle & frukost.
Prisar i sovesalen.
200,- Utan sengetøy.
250,- Inkludert sengetøy.
Frukost kr 70,- per person.
Vi samarbeider tett med Tørvis bre-, ski- og fjordhotell i Marifjøra, Hotel Mundal i Fjærland og Munthehuset i Kroken