Det finst mange fine klatreveggar og buldresteinar i Jostedalen, og her er eit aktivt miljø som finn nye ruter og stadig nye klatrefelt vert oppdaga og tilrettelagt. Du kan klatre 5 taulengdes ruter på 7+ , 10 taulengder grad 4 til 10.
Dei stadane der det vert klatra mest er:
Stegagjerde: Her er det 25 meters sportsklatring på boreboltar og nokre naturleg sikra ruter. Det er stort potensiale for nye ruter. Nivået varierar frå 3 til 8-.
Maggies Farm: har fått 8 bolta ruter, og fleire er under pussing. Frå grad 5+ til 7-. Høgda på veggen varierer frå om lag 25 meter og ned mot 8m for dei kortaste rutene.
Klatrefeltet på Mannen: For dei som føretrekkjer høgfjellsklatring. Veggen er omlag 100 m høg og rutene er på 2-3 taulengder. Frå 4 til 7-. Utsikta frå toppen er ganske unik: med Jostedalsbreen sine bratte brearmar mot vest til Hurrungane sine tindar mot aust.
Sperløyane: For dei som ikkje likar å gå så langt for å klatre. 4 nye ruter her sommaren 2008. Grad frå 5 til 8-
Er du interessert i å ha med deg ein fjellførar for å prøve klatring for første gang, eller er litt meir røynd klatrar, er me behjelpelege med å setje deg i kontakt med ein røynd fjellførar.